Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fremoverpuls (onsdag 8. februar) og Polarsirkelsonen og nordlending.no (mandag 16. januar). Les mer om roperten…

Endeleg!

Endeleg er me ferdig med premiera, som gjekk veldig bra, og kan byrje å spele førestillingar.

Dette er fyrste blogginnlegg frå meg, Sigurd, eg spelar ravnen Hugin i stykket.

No er prøvetida over, premiere og premierefest er historie, kritikarane har sagt sitt og talane har stilna hen. No byrjar me på det som er min favorittperiode, førestillingar.

Det å vera skodespelar byr på mange flotte opplevingar. Ein møter mykje rare folk, og får sett mange flotte plassar i vårt langstrakte land.
I prøveperioden så skal ein få ein karakter opp å stå ut av manus. Det er spanande, interessant, frustrerande og ekstremt givande. Det å få lov til å dikte seg inn i eit ukjendt univers er ei utruleg morosam reise. Men det som er aller kjekkast for meg personleg er møtet med publikum. Difor er eg veldig glad for å ha fått mulighet til å jobbe på Nordland Teater, eit omreisande teater, som oppsøkjer publikum der dei bur og sprer kultur ut til dei mest grisgrendte strøk. Eg er sjølv oppvokst på ein holme uti havgapet, så eg veit alt om dårlege kulturtilbod.

I dag har me spela ein førestilling klokka 12.00 for ungdomsskuleelevar og skal på scena igjen klokka 19.00.
Det var veldig moro å spela for ungdomen, dei sat som tente lys og dei kosa seg. Slikt er utruleg gøy for oss på scena. Det synergien som oppstår når scene og sal spelar på lag er heilt magisk, og det er det som driv meg personleg. Når du står på scena og kjenner energien frå publikum. Då er all svette, blodslit, longe frustrerande dagar som blåst bort. Ein kollega av meg skreiv eingong at i teateret er hukommelsen kort, og applausen tørker alle tårer.
Slik er det.
No er det ein liten kvil, før teppet går opp for siste gong i Bodø.
Takk for oss Bodø, det har vore moro.
Og Harstad: dere er herved advart!

Vist 96 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder